mandag 11. mai 2009

Brasil

Og der var vi allereie på slutten av reisa! Siste dagane og vekene har forsvunne i ein fei og blogging har visst blitt litt nedprioritert. Men her skal eg prøve å kome med ei lita oppsummering av Brasil.

Etter Buenos Aires reiste vi nordover til Puerto Iguazu. Første dagane brukte vi på den Argentinske sida av fossen og dei neste dagane brukte vi i Foz du Iguacu på den Brasilianske sida av fossen.




Her var vi innom Paraguay ein dag for å sjå på verdas største vannkraft-demning (i alle fall i energiproduksjon, etter det dei påstod sjølve), Itaipu. Og det var sjølvsagt veldig interessant for elkraftstudentar! :) Paraguay var elles eit land der alle brasilianarar reiser på Harry-tur for å kjøpe billeg elektronikk, og det krydde av store kjøpesenter.
Sidan Paraguay deler Itaipu med Brasil fordi det er den elva som er landegrensa måtte vi sjølvsagt sjå demninga frå Brasilsida og. Er ikkje elkraft-studentar for ingenting...



Vidare reiste vi til São Paulo og møtte Elcio som guida oss rundt i byen. São Paulo er den store industribyen i Brasil, og det krydde egentlig ikkje av turistaktivitetar. Så etter kvart vart det mest kjole- og skoshopping :) Alltid kjekt! :)

Etter São Paulo reiste vi til Ilha Grande. Ei stor ferieøy utanfor kysten av Brasil der det ikkje er lov å ta med bilar. For at folk verkeleg skal tru at vi har vore på tur i over tre mnd måtte det sjølvsagt til litt soling på tampen av opphaldet. Late dagar på stranda, bading, "fjell"turar (sidan det ikkje fanst bilar, måtte vi komme oss rundt på andre måtar) , båttur med snorkling og bading og ikkje minst samba og caipirinha :)









Det var hardt å forlate øya som vi var blitt så glad i, men etter å ha vore der ei veke, gjekk turen vidare til siste stopp før Norge; Rio de Janeiro!

Og for ein by! Vi har vore her to dagar og har forelska oss heilt i byen allereie! Det er rett nok ein veldig stor by, men sjølv for folk som ikkje likar store byar (inkludert meg sjølv) er denne byen vanskeleg å ikkje like! I går besøkte vi Pão de Acucar og fekk veldig flott utsikt over byen, og fekk oppleve street-party på Lapa, som Rio de Janeiro er så kjent for. I dag besøkte vi den obligatoriske Kristus-statua og etterpå ei av dei flotte strendene i Rio de Janeiro; Ipanema.
Litt synd at vi ikkje fekk fleire dagar her i Rio de Janeiro, eller Brasil i det heile tatt. Hit vil vi tilbake!! :)







Men no blir sekkane fullare og fullare og det betyr at heimreise nærmar seg veldig fort!
Skal bli veldig godt å sette beina på norsk jord igjen!



torsdag 23. april 2009

Buenos Aires

Vi tok bussen til Buenos Aires. Enda 16 timar med buss og her fekk vi heldigvis plass å bu med ein gong.
Vi besøkte bydelen La Boca. La Boca er kjent for sine fargerike gater og hus, mange med veggar av bølgjeblekk. Dette fordi denne arbeidar-bydelen fekk i si tid malingsrestar frå skip som kom inn i hamna. No er det ein bydel for turistar, med mange restaurantar og souvenirbutikkar og over alt var det folk som dansa tango i gata.






Vidare besøkte vi antikvitetsmarknaden i San Telmo



...og kyrkjegarden i Ricoleta.
Kyrkjegarden var enormt stor med store, flotte graver til den tidlegare sosieteten i Buenos Aires.
Dei største gravene hadde store utsmykka alter inni og likna meir på palass enn graver.


På søndagen var den o store dagen for fotballkamp i Buenos Aires. Lokaloppgjer mellom storlaga i Buenos Aires. Boca Juniors mot River Plate er eit av dei mest berømte derby i verda og ein ting vi IKKJE kunne gå glipp av! Hostellet vi budde på reklamerte for at dei selde billettar og etter ein del tenking og diskusjon (sidan det var dyre billettar) bestemte vi oss for å gå på kampen.

Når søndagen kom reiste vi 15 stk pluss Pablo, eigaren av hostellet som selde oss billettane, til stadion, og her begynte vi å ane at dette var ikkje heilt som det skulle. Vi vart vinka hit og dit og vi kunne aldri stå for lenge på ein plass.
Etter kvart skjønte vi kvifor. Det fanst aldri billettar. Det vi hadde betalt for var at Pablo, og ein kjenning av han som var på innsida av stadion, skulle snike oss inn (15 stk (!) ) i lag med supporterflagga som skulle berast inn. Ein tanke optimistisk plan spør du meg. Det som skjer er sjølvsagt at vi vart tatt og Pablo får problem med politiet og fotballmafiaen som visstnok har eit ganske tett samarbeid her i Argentina.

Det heile enda med at vi måtte stå 4 timar UTANFOR stadion, medan Pablo vart forhørt.

Til slutt betalte Pablo det korrupte politiet for å sleppe oss inn i det minste på siste omgang, eller så betalte han for å sleppe å bli arrestert sjølv...
I alle fall så fekk vi komme inn på siste omgang. Og for ei vanvittig stemning! Her sang HEILE stadion HEILE tida! Dette var definitivt noko anna enn Lerkendal! Stillinga vart 1-1 og begge måla kom heldigvis i andre omgang. Og når Boca scorte var det heilt ville tilstandar! Vanvittig!!






Heldigvis fekk vi att alle pengane. Sidan det var hostellet som hadde reklamert for billettar når desse ikkje fanst kunne vi ha gjort det ganske surt for hostellet hadde vi ikkje fått pengane tilbake. Det gjekk heldigvis bra :)

Mandagen var vi på shopping i Palermo saman med Averyl frå Canada før vi tok fatt på den 19 timar lange bussturen nordover til Iguazu. Vi hadde for en gongs skuld kjøpt Cama-billettar (seng) sidan bussturen skulle vare så lenge. Og dette var absolutt eit bra val! Det var matservering i eitt sett og seta var store som stresslessar :) Bussturen var gjort i ein fei :)
Vel framme i Iguazu måtte vi sjølvsagt smake enda meir Argentinsk biff. Her er Bife de Chorizo med ein lokal saus! Mmmmm.....

Mendoza

Langfredag kom vi til Mendoza. Dette viste seg ikkje å vere eit sjakktrekk. Over alt var det fulle hostell og hotell og vi traska byen rundt for å finne plass å bu. Rett før vi tenkte å gi opp fann vi heldigvis eit lite hostell, ganske nært sentrum eigentleg.

Mendoza er ein veldig fin by med mange store parkar. Med andre ord store moglegheiter for å gjere det Ruth Helene og Adele likar best; people watching!

Elles er Mendoza kjent for god vin og store vingårdar. Derfor tok vi bussen til Maipu, litt utanfor sentrum, leigde syklar og sykla frå vingard til vingard. Vi var innom eit vinmuseum og vingarden Familia di Tommaso med tilhøyrande vinsmaking.





søndag 12. april 2009

Ekstremstport i Argentina!!

Vi var ikkje så veldig lenge i Bolivia, vi reiste til Argentina ganske raskt sidan det var det som var den opprinnelege planen. Vi tok nattoget frå Uyuni til grensa med eit tog som ikkje akkurat hadde nsb-standard, og etter alt bråket å dømme trudde vi at vi skulle bli hekta av opptil fleire gongar...
Hadde også høyrt på førehand at desse toga ikkje alltid var til å stole på. Men fram kom vi heldigvis neste dag og etter ein særs enkel frukost på venterommet på togstasjonen tok vi til på kryssinga av grensa. Dette tok si tid sidan vi akkurat kom bak ein turistbuss og all bagasje skulle sjekkast for smugling.
Vidare brukte vi resten av dagen til kafé og venting på den Argentinske sida før vi tok nattbussen lenger sør igjen til byen Salta.
Etter å ha sete ganske tett i ein firhjulstrekkar saman med 7 andre, der minst to var forkjøla, var det vanskeleg å unngå å bli smitta, så etter dette vart minst to av oss forkjøla og låg rett ut med det same vi kom til Salta.
Når vi kom oss på beina igjen var Salta byen for ekstremsport!

Etter mykje om og men vart det strikkhopp og rafting som vart våre to greiner i ekstremsport. Allereie før me bestilte turane byrja adrenalinet å pumpe i blodet. Då me til slutt stod oppe på rampen 26-27 m over vassoverflata hjalp det ikkje at guiden sa at me var i ein perfekt alder til å dø! Etter litt pusting, pesing, og (for nokre) banning klarte me alle tre å hoppe utfor kanten! Absolutt ei oppleving som kjem til å hugsast!







Raftinga var kanskje ikkje på same adrenalinnivå, men det var definitivt veldig kjekt!
Som erfaren rafter kunne Ruth Helene fortelje at denne elva nok var nokre hakk rolegare enn elver i Norge, men vi syns det var kjekt likevel! Rafting-turen vart avslutta på ein restaurant med den beste biffen vi har smakt hittil på reisa! Argentina kan biff!!

Etter ein 18 timars lang busstur sørover i Argentina har vi kome til Mendoza, Argentina sitt flottaste vindistrikt! Midt i påska var det vanskeleg å finne plass å bu med det første, men etter ein del tråling rundt i byen fann vi heldigvis eit ok hostel :)

Salar de Uyuni, Bolivia

Når vi no var så nære Bolivia hadde vi lyst å ta turen innom landet på veg til Argentina. Fleire av dei vi har møtt på turen har sagt at Bolivia er eit av dei vakraste landa i verda.
Frå San Pedro de Atacama tok vi buss til grensa og deretter køyrde vi med firhjulstrekkar gjennom ørkenen til Bolivia og Salar de Uyuni.
Vi hamna i bil med ein fyr frå Australia, eit par frå Sveits og ei jente frå Litauen. Hyggeleg gjeng.


Turen frå San Pedro til Uyuni var spekka med spektakulær natur.
Første dag var vi innom ei kvit lagune, ei grøn lagune og ei raud lagune. Vi var òg innom nokre geysirar, og vi satte ny høgderekord; om lag 5000m.o.h.! Vi overnatta på sovesal i ekte leirskulestil.


Dagen etter køyre vi vidare gjennom flott ørkenlandskap og såg mellom anna Arbol de Piedra, eit tre av stein. Vi overnatta i utkanten av Salar de Uyuni.


Siste dagen køyrde vi gjennom den fantastiske inntørka saltsjøen. Dette var litt av eit syn! Salar de Uyuni strekk seg over 10000km2 og er på det tjukkaste 12m. For om lag 40000år sidan var dette eit hav. Midt i salaren var vi innom Isla de Pescados, ei øy dekt av kaktusar.


















Vi stoppa òg for å sjå eit hotell av salt.