torsdag 23. april 2009

Buenos Aires

Vi tok bussen til Buenos Aires. Enda 16 timar med buss og her fekk vi heldigvis plass å bu med ein gong.
Vi besøkte bydelen La Boca. La Boca er kjent for sine fargerike gater og hus, mange med veggar av bølgjeblekk. Dette fordi denne arbeidar-bydelen fekk i si tid malingsrestar frå skip som kom inn i hamna. No er det ein bydel for turistar, med mange restaurantar og souvenirbutikkar og over alt var det folk som dansa tango i gata.






Vidare besøkte vi antikvitetsmarknaden i San Telmo



...og kyrkjegarden i Ricoleta.
Kyrkjegarden var enormt stor med store, flotte graver til den tidlegare sosieteten i Buenos Aires.
Dei største gravene hadde store utsmykka alter inni og likna meir på palass enn graver.


På søndagen var den o store dagen for fotballkamp i Buenos Aires. Lokaloppgjer mellom storlaga i Buenos Aires. Boca Juniors mot River Plate er eit av dei mest berømte derby i verda og ein ting vi IKKJE kunne gå glipp av! Hostellet vi budde på reklamerte for at dei selde billettar og etter ein del tenking og diskusjon (sidan det var dyre billettar) bestemte vi oss for å gå på kampen.

Når søndagen kom reiste vi 15 stk pluss Pablo, eigaren av hostellet som selde oss billettane, til stadion, og her begynte vi å ane at dette var ikkje heilt som det skulle. Vi vart vinka hit og dit og vi kunne aldri stå for lenge på ein plass.
Etter kvart skjønte vi kvifor. Det fanst aldri billettar. Det vi hadde betalt for var at Pablo, og ein kjenning av han som var på innsida av stadion, skulle snike oss inn (15 stk (!) ) i lag med supporterflagga som skulle berast inn. Ein tanke optimistisk plan spør du meg. Det som skjer er sjølvsagt at vi vart tatt og Pablo får problem med politiet og fotballmafiaen som visstnok har eit ganske tett samarbeid her i Argentina.

Det heile enda med at vi måtte stå 4 timar UTANFOR stadion, medan Pablo vart forhørt.

Til slutt betalte Pablo det korrupte politiet for å sleppe oss inn i det minste på siste omgang, eller så betalte han for å sleppe å bli arrestert sjølv...
I alle fall så fekk vi komme inn på siste omgang. Og for ei vanvittig stemning! Her sang HEILE stadion HEILE tida! Dette var definitivt noko anna enn Lerkendal! Stillinga vart 1-1 og begge måla kom heldigvis i andre omgang. Og når Boca scorte var det heilt ville tilstandar! Vanvittig!!






Heldigvis fekk vi att alle pengane. Sidan det var hostellet som hadde reklamert for billettar når desse ikkje fanst kunne vi ha gjort det ganske surt for hostellet hadde vi ikkje fått pengane tilbake. Det gjekk heldigvis bra :)

Mandagen var vi på shopping i Palermo saman med Averyl frå Canada før vi tok fatt på den 19 timar lange bussturen nordover til Iguazu. Vi hadde for en gongs skuld kjøpt Cama-billettar (seng) sidan bussturen skulle vare så lenge. Og dette var absolutt eit bra val! Det var matservering i eitt sett og seta var store som stresslessar :) Bussturen var gjort i ein fei :)
Vel framme i Iguazu måtte vi sjølvsagt smake enda meir Argentinsk biff. Her er Bife de Chorizo med ein lokal saus! Mmmmm.....

Ingen kommentarer: