torsdag 12. februar 2009

Costa rica og Nicaragua

Ok. Vi kom til Costa Rica med fly til San Juan i gàr og reiste rett nordover til byen Liberia der vi overnatta. I dag tidleg kl 06.00 Reiste vi rett vidare til Nicaragua. Sà vi kan i det minste seie at vi har vore i Costa Rica og har fàtt stempel pà passet :)

Ellers er det lett à sjà store forskjellar mellom landa. Spesielt nàr vi reiste frà Cuba til Costa RIca. Frà eit land med total boikotting av amerikanske produkt og til vàr store fortvilelse nokre gongar; ingen vanlege supermarked vi kunne fà kjopt vanleg mat, til eit land med definitivt stor pàvirkning frà USA. I gàr kveld var det stor landskamp i fotball med nabooppgjer mellom Costa Rica og Honduras. Og i dag tidleg vart vi vekt av kraftige kanoner som markerte starten pà ein stor fest i Liberia. Enda godt at vi faktisk skulle stà op kl 5.
Nicaragua er igjen litt fattigare, og det er lett à merke forskjellen, berre etter nokre timar i landet.

No skal vi etterpà til vulkanoya Isla de Ometepe. Den store turistplassen tydeligvis.
Forhàpentligvis kjem vi oss opp pà vulkanen og fàr prove kajakk! Overnatting skjer, etter det vi har hoyrt, i hengekoyer! Blir spennande!

tirsdag 10. februar 2009

Pinar del Rio og Viñales

Klare for slappe dagar, soling og basseng reiste vi på fredag til Aguas Clara, som vi fekk fortalt av Alejandro kun var kort avstand frå Viñales. Det viste seg når vi kom fram at Aguas Clara låg midt ute i ingenting, ei mil frå Pinar del Rio og to mil frå Viñales. Midt i mellom. Og det betydde at vi kunne sjå fram til nettopp slappe dagar og soling.

Vi tok ein svipp inn til Viñales og fekk sitte på med meir eller mindre lisensiert taxi-sjåfør Eduardo i ein liten raud mini-skoda frå 1979. At bilen tok oss fram til Viñales er nok eit under i seg sjølv så hardt som Eduardo pressa den i alle oppoverbakkane på den to mil lange vegen. Men til Viñales kom vi og tok ikkje skrekken av skodaen og Eduardo og fekk han til å vise oss den store attraksjonen, ein stor forhistorisk fjellvegg med store teikningar av dinosaurar og folk. Dette var malt opp att for ca femti år sidan i sterke fargar og var derfor den o store turistattraksjonen her. Sjølvsagt måtte vi få med oss dette. Det som for oss var like kjekt var at her fekk vi ride på oksen Campo Alegro, eller «Gøy på landet» som vi gjerne vil oversetje dette namnet til. Ei stor oppleving dette altså. I tillegg guida Eduardo oss opp på toppen av fjellveggen, ei rute som sjølv for sunnmøringar kan karakteriserast som litt bratt. Og vi fekk praktisert vår spanglish.

På Aguas Clara var vi dei einaste ikkje-cubanske ferierande og her fekk vi bli kjent med familien Agnes (ikkje oversatt her altså, men spansk namn), Juan Carlos, Anel på 11 og Anay på 7. Agnes var engelsk-lærer (heldig for oss og vår amputerte spansk) og Juan Carlos jobba med å lære cubanerar volleyball (eller bollyvall, som det gjerne blir uttalt her i dette landet). Vårt avslappa opphold på Aguas Clara vart med dette gjort om til treningsleir av ein ultra-energisk Juan Carlos. Bollyvall og «Kicking ball» (ein variant av baseball) vart spelt både tidleg og seint. Og sjølvsagt, som ekte cubanerar som vi prøvde å vere, spelte vi domino, domino som nettopp opprinneleg kjem frå Cuba. Fun-fact der altså.

Engelsklærer Agnes var veeeldig glad for å kunne snakke engelsk og praktisere engelsken sin og Juan Carlos var alltid like frustrert over å ikkje forstå eit ord engelsk, kun spansk, men ikkje desto mindre pratsom. Mykje nikking og smiling, litt spansk og mykje teiknspråk vart det i alle fall.

Så gjestfrie som alle cubanerar er inviterte dei oss heim til seg søndagskvelden. Selfølgelig ville vi det! Nok ein gong fekk vi taxi frå hotellet, og nok ein gong fekk vi sjå at skal ein ha bil på Cuba, bør ein kunne å mekke. Det fins X antal bilar frå 70-talet på Cuba, og ganske sikkert også denne. Etter ca ein kilometer høyrer vi eit stort smell og etterfølgt av vedvarande bråk. «Solo ruido, no problemo!» fekk vi forklart, kun bråk, ingen problem. Etter ca ein km til stoppa vi opp og Alexis, sjåføren går ut og sjekkar under bilen og set seg inn i bilen igjen og køyrer vidare. Ruth Helene meinar det kan ha vore problem med den bakre hjulakslingen. Eksospotta var det definitivt ikkje. Og vi stolar på Ruth sidan ho kan alle kjenneteikna på bilskilta over heile Noreg og har såleis god peiling på bilar.

Hos Familien Cuba fekk vi servert cubansk kaffe på cubansk vis i små koppar med masse (!!) sukker. Dei budde nederst i ei blokk og i bakgården hadde dei to store grisar, nokre høner og ein hund.

Etter dette vart stereoanlegget satt på full guffe og tre nordmenn vart dradd fram på golvet i ei stove som ikkje hadde større plass enn knapt nok til tre nordmenn og ein særs energisk cubansk familie på fire. Tre nordmenn uten rytme og uten større trening i å bevege hoftene etter salsamusikk. Gøy opplevelse var det i alle fall! Og definitivt ein opplevelse vi måtte til Cuba for å finne.

Etter dette rusla vi ein tur i Pinar del Rio før Agnes til slutt dekka opp med eksklusiv middag med svinekjøt, salat, bønner og ris.

Vi er på siste dagen på Cuba. Og kan konstatere at vi kjem til å savne Cuba! Skulle gjerne vore her lenger, men turen går vidare til Costa Rica i morgon. Vi gler oss!!


(Bilete vil forhaapetligvis kome seinare, naar me faar tilgang til betre internett.)

mandag 9. februar 2009

Tilbake til Havana

Her paa Cuba er det lite internett aa oppdrive.

Derfor blir det litt smaatt med oppdatering. Men no har vi altsà komt tilbake til Havana etter en tur vestover til Pinar del Rio. Budd pà eit Hotel Aguas Claras og blitt kjent med ein veldig koselig cubansk familie frà Pinar del Rio. Fàr skrive meir om dette seinare.
Reiser til Costa Rica pà onsdag og hàper det blir betre internett-tilgang der!

CUBA

Onsdag 4. februar

Då var vi endeleg på tur! Klare for å reise frå kuldegradene heime i Norge! Etter kort sjekk på yr.no før avreise vart det konstatert regn dit vi skulle på første stoppestad; Havana, Cuba. Sjølvsagt.
Men vi let oss ikkje knekke, sjølv om mykje av medbrakt antrekk krever ein minimum temperatur på 25 grader.
Vi har altså hatt ein dag i Havana. Ein dag der vi definitivt har vore turistar, og hengt på som ein hale rundt omkring i Havana med vår guide, Alejandro. Fått gode tips om kvar vi kan gå, kvar vi ikkje må gå, kva bussar som er for oss og kva bussar vi kan gå på dersom vi garantert vil bli rana, kva taxi som er billigast eller dyrast eller kvar dei beste plassane å ete var. Kor mykje av dette som vår kjære Alejandro er betalt for å anbefale er vanskeleg å seie. Men han fekk i alle fall oss overbevist og på vår første dag i eit nytt kontinent og eit nytt land fann vi det best å stole på desse anbefalingane.
Tobakk og alkohol er ein stor, stor industri her på Cuba og veldig viktig i den Cubanske kulturen. Som Alejandro så skildrande fortalde; «If you higher the food-prices here in Cuba the people would do nothing, but if you higher the tobacco and alcohol-prices there will be war.»
Vi vart tatt med til Havana Club for omvisning og til slutt smaking på 7-år gammal cubansk rom. Ein tanke sterkt for oss kan ein vel konstatere, men er ein på Cuba må ein prøve kulturen. Noko som ikkje var like sterkt, og derfor etter vår smak mykje betre var mojitoen vi fekk etter Alejandro si anbefaling på caféen på et tak midt i Havana.

Matopplevingar er alltid spanande når ein er på nye ukjente plassar. Den første opplevinga var allereie i kveld då vi alle var einige om at vi eigentleg ikkje var så veeldig svoltne, men kunne kanskje tenke oss eit lite smørbrød eller noko liknande sidan det ville bli for lenge å vente til frukost neste morgon. Og som alle veit kan språkbarrierer ofte vere eit problem. Eit lite spansk1-kurs på NTNU før utreise kunne altså ikkje hjelpe oss ut av dette.
Berre for å ta det frå byrjinga heiter altså smørbrød på spansk bocadillo. Vi spør altså på hotellet etter ein plass vi kan få tak i litt bocadillo. Ein tilsynelatande hjelpsom resepsjonist hentar ei dame som følgjer oss til ein restaurant inne i huset til ein familie. Restaurant og overnatting heime hos folk er ganske vanleg her på Cuba. Vel inne i «stova» får vi bestille og det vi då til slutt blir sitjande å ete er ikkje bocadillo, men cocodrilo, altså krokodille. Ein stor forskjell der altså.
Vi trudde vi hadde sagt ganske klart kva vi var ute etter, men det vi fleire gongar har erfart her på Cuba etter berre ein dag er at cubanarar høyrer det dei vil høyre, og treng slett ikkje høyre ferdig setninga dersom dei trur dei har fått med seg eitt av orda som har blitt sagt.
Notat til oss sjølve; ikkje ver godtruande og tru at du har blitt forstått.

No gjenstår det berre å vente og håpe på å ikkje bli dårlig i magen av cocodriloen...