tirsdag 17. mars 2009

In the jungle..

Då lyt historia halde fram. Etter ein rolig dag i Cusco sto Amazonasjungelen på plakaten. Vi reiste saman med to av jentene som var med på turen til Machupicchu, nemleg Renate og Linn-Marie, to hyggelege jenter frå Jølster. Flyet gjekk frå Cusco til den lille byen Puerto Maldonado, nær grensa til Bolivia. Det første som møtte oss var luftfuktigheta og varmen, vi hadde blitt vande med den tørre, kjølige lufta i Andesfjella. På flyplassen blei vi møtt av guiden vår Oscar, og vi blei transportert med buss så langt vegen haldt og deretter med båt oppover elva Tambopata.
Her ser de eit bilete av ein Capybara. Capybaraen er verdas störste gnagar.


På båten fekk vi servert
økologisk lunsj pakka inn på eksotisk vis.



Etter om lag 45 minutt var vi framme ved det som skulle vere heimen vår i 2 netter, lodgen Posada Amazonas. Posada Amazonas var ein idyllisk plass der vi fek jungelen tett på oss. Vi sov på rom utan veggar ut mot skogen, med myggnett rundt sengene for å halde insekta unna. Med unntak av nokre timar rundt lunsj og middagstid måtte alle klare seg utan elektrisitet, men dette var ikkje noko problem; vi hadde stearinlys på nattbordet og det var parafinlykter så vi skulle finne fram.Vi kom i ei gruppe saman med 4 hyggelege britar, og om ettermiddagen tok alle 9 plus guiden turen til eit tårn på 37m midt inne i jungelen. Her klatra vi opp og fekk sjå solnedgangen over jungelen og eit par fuglar i det fjerne. På veg tilbake haddet mørket lagt seg, og vi fann fram ved hjelp av lommelykt. Langs stien fekk vi sett ein edderkopp som visstnok skal vere tre gongar meir giftig enn svart enke.




Vel heime var det flott middag, og vi tok tidleg kveld sidan vi skulle opp klokka 04.30 morgonen etter for å oppleve meir av den fantastiske jungelen.

Då morgonen kom blei planane endra. Det regna nemleg ganske heftig, og til tross for våre påstandar om å vere vasstette måtte vi finne oss i å bli verande «inne» til regnet gav seg. Difor blei vi surrealistisk nok setande og sjå video om jungelen. Vi såg ein dokumentar om macaw-papegøyene som vi kunne fått sett dersom vêret hadde tillete det. Til tross for regnet fekk vi heldigvis sett nokre dyr; rett ved sida av lodgen kraup ein lang svart slange forbi(heldigvis ikkje giftig) og i trea rett ved sat ein familie med red howler monkeys.




Her ser de den flotte slangen som kraup rundt rommet vaart.


Etter kvart letta vêret og vi gjekk ein tur og utforska jungelen saman med Oscar.

Britt i ekte Indiana-Jones stil.


Her er Britt og Ruth Helene saman med reisefölgjet vaart; Linn-Marie og Renate.

Guiden Oscar leitar etter dyr.

Og det maa sjölvsagt Britt og gjere.

Etter lunsj for vi til ein liten innsjø i nærleiken og blei transportert rundt ved hjelp av ein katamaran. Vi leita etter dei fem oterane som bur i innsjøen, og fekk såvidt sett dei ved hjelp av kikkert. Vidare fiska vi piraya, men enkelte var meir heldige med fansten enn andre. Ein kan vel seie det slik at vi tre mata pirayaar i staden for å fiske dei:) Vi fekk med oss ein fantastisk solnedgang før vi for tilbake for å ete middag.



Humöret er paa topp naar Britt ikkje faar fisk.




Her er heile gruppa.


Dagen etter var det tid for avreise og vi for same veg tilbake og forlot Amazonasjungelen med eit godt inntrykk. Turen vidare gjekk til Lima, der vi var ei natt før reisa gjekk vidare til Santiago, Chile.

mandag 16. mars 2009

Machupicchu - Inkatrail

Ja, no har me kome ned att frå høgfjellet og det er på tide med ei lita oppdatering her. Inkaturen vår var ei heilt fantastisk oppleving. Oppmøte var på eit hotell i Lima, men sidan flyet vårt var litt forsinka møtte me ikkje gruppa vår før neste dag då me reiste vidare til Cusco. Var ei velig kjekk gruppe med berre jenter, der 10 av 16 var norske. Veldig kjekt å kunne snakke litt norsk for ein gong skyld. I Cusco hadde me eit lite møte med ein guide som gav oss gode tips for korleis me best kunne verta van med høgden. Tipsa gjekk ut på å ta det med ro, sove eit par timar og ikkje ete feit og tung mat. Me hadde dette i bakhovudet heile dagen, men me gjekk på shopping på marked(bilete), sov ikkje på dagen (sjølv om me hadde to netter nesten uten søvn bak oss) og var på restaurant på kvelden. Trass dette vart det tilslutt me som takla høgden best. Kanskje har dette noko med mengdane med Cocablad og Cocadrops me åt på. Inkaturen varte i 4 dagar og me hadde ein svært flink guide med oss, Marcelino. Fyrsteinntrykket var at han var velig god i engelsk men etter eit par forsøk på spørsmål der han svarte på noko heilt anna, kan det kanskje diskuterast kor flink han var. Men me likte han uansett. Fyrste dagen hadde me ein litt mjuk start der me vart køyrt rundt i buss til "Incaplaces". Dette var ein svært bra start sidan me vart anpusten av å gå tre meter! Me besøkte ein liten landsby opp ein svæææææært smal veg i ei fjellside, der damene sat oppstilt med Inkakle og viste korleis ein laga garn av lama- og alpakkaull, farging av ullet og ferdige produkt. Dette var veldig kjekt å sjå, men me var litt meir opptatt av å få kontakt med lamane og alpakkane som gjekk rundt på plassen. Vidare reiste me til Ollantaytambo der me såg eit soltempel eller noko sånt, og overnatta siste natt på hotell før den skikkelige inkaturen starta.

Andre dagen starta me den skikkelige inkaturen med 4-5 timar gåing. Me slapp å bæra noko sjøl då me hadde med oss lokale "portera"(bilete), altså bærarar. Porterane hadde eit tempo oppover som ikkje kan samanlignast med gåing. Med 25 kg på ryggen, i noko som likna meir på eit teppe enn på ein sekk, sprang dei forbi oss. Britt provde aa briefe med musklane sine og vise at ho klarte aa lofte sekken til ein porter, men me vart ikkje so velig imponert (bilete). Halvegs på turen sette dei opp partytelt og langbord (bilete), og lage varm, torettars lunsj til oss. Dette var tydligvis standarden me kunne forvente oss resten av turen. Me fekk òg smake chicha, noko som er øl brygga på mais. Kjekt å ha smakt, men trur ikkje me kjem til å drikka noko meir av da. Då me kom til plassen me skulle overnatta var telta allerede slått opp og partyteltet klart! Samt ein vaskebalje til kvar slik at me kunne friske oss opp litt.

Tredje dagen var den harde dagen, med 1200 meter stigning, dvs frå 3000 moh.til 4200 moh. Nesten heile strekningen var stein og steintrappetrinn. Var ein tung tur, men ein fantastisk følelse å stå på toppen av det høgaste passet, Dead Womans Pass, og sjå utover fjellformasjonane. Trur berre bileta må snakka for seg sjølve på dette området. Etter ei hard oppstigning var det sjølvsagt ned att nokre hundre høgdemeter, for å forsikra seg om at både lår og leggar vart mørbanke til neste dag. Bileta er tatt fraa Dead Womans Pass.


Dag fire tok til med litt meir stigning, men denne dagen med nokre arkeologiske inkaplassar å sjå på undervegs (les: lange pausar). Denne dagen var den lengste turen tidsmessig, men var eit greit terreng å gå i, med både opp og ned i moderate mengder. Denne dagen hadde me litt action då den eine jenta på gruppa vår fekk høgdesjuke, og måtte berast ned i hui og hast av ein porter. Mannen tok jenta å festa ho på ryggen i eit teppe, og sprang oppover og nedover steintrappetrinna som om han berre var ute på ein liten joggetur. Imponerande! Var òg fleire på gruppa som vart sjuke, men dei klarte å halde seg på beina å gå resten av turen. Paa slutten av dagen saag det ut som det kanskje skulle regne litt, og var tidli ute med aa kle oss opp i dei nyinnkjopte ponchoane vaare. Minna kanskje meir om Teletubbiar enn nordmenn paa tur!? Denne kvelden var den siste dagen i telt, og siste dagen me skulle få service av porterane. Me tipsa dei litt, og som takk song dei eit par peruanske songar på den lokale dialekta si; quechua. Var ei artig oppleving då alle stod å lo, song og klappa i heilt ulike takter gjennom songane. Ein av songane heitte Sacsayhuaman (som ikkje er det same som sexy woman) og den har på mystisk vis klart å festa seg på hjernen til Adele. Me to andre kan difor nyta godt av litt underhalding i ny og ne. Det er ei ganske kort underhalding då det kun er dette eine ordet ho hugsar, men moro uansett!

Siste dagen stod me opp svært tidlig for å rekka soloppgangen over Machupicchu. Etter ein totimars tur i halvmørket og skumring kom me til Solporten, og kunne stå å nyta det majestetiske synet av Machupicchu medan sola kom opp over fjella. Var veldig flott. Siste strekningen ned til Machupicchu gjekk som ein leik i forhold til kva me hadde lagt bak oss. Dagen vart den finaste dagen me me hadde på Inkaturen med strålande sol heile dagen. Gjekk rundt mellom ruinane og tok masse bilete, medan guiden fortalte. Det var ikkje alt som var like lett å forstå, men me har alle fått meirsmak på inkahistorie, og må sette oss litt meir inn i det når me kjem heim att.
Tilbake i Cusco hadde me ein ekstra dag og fekk difor tid til litt meir shopping av souvenirar og inkakle. Om kvelden gjekk me ut å åt middag me heile gruppa på ein koslig restaurant med live panfløytemusikk. Eg (Ruth Helene) klarte etter mykje om og men å manna meg opp til å smaka den lokale retten i Cusco, nemlig marsvin. Dette var faktisk eit veldig godt kjøt og var mykje godt krydder på. Var ei flott avslutning med gruppa etter Inkaturen.