Ok, vi har tatt eit friår alle tre, og likevel vel vi å gå på skule (!) når vi er ute å reiser...
Det er i alle fall det vi gjer no. Denne veka frå onsdag til mandag har vi 4 timar spansk kvar dag. Nettopp for å sleppe alle håplausee misforståingar og å kunne ytre det vi vil og ønskjer. Spansk er vanskeleg og det er mykje å lære. Men vi prøvar :)
At det er 35 grader ute og sannsynlegvis enda varmare inne sidan det fins verken aircondition eller skikkelege vifter, gjer det ikkje akkurat enklare å konsentrere seg. At Adele i tillegg har fått ein ekte norsk forkjølelse sjølv om det definitivt ikkje er på grunn av kulde gjer det heller ikkje enklare. Men her er mange flinke lærerar og når kvar av oss har sin eigen lærar er det ikkje så lett å sluntre unda heimeleksene og konsentrasjonen må vere på plass :)
Elles nyt vi varmen både her i byen og på stranda :)
fredag 20. februar 2009
onsdag 18. februar 2009
Bilete
Isla de Ometepe, Nicaragua:
Dette bilete viser korleis me opplevde steminga på Isla de Ometepe. Her ein flott solnedgang sett frå hostellet vårt; Caballito`s Mar.
COSTA RICA:
CUBA:
Her er den cubanske familien me møtte i Viñales. Frå venstre: Anel, Agnes, Anay og oss tre. Bilete er tatt av faren i familien Juan Carlos. Her gir dei oss ei omvising i heimbyen deira Pinar del Rio.
Ruth Helene og Juan Carlos i heftig salsarytme. Dette er rett før dei bryt ut i Macarena-dansen...
Alle tre foran den prehistoriske veggen i Viñales, Cuba.
Ruth Helene på Campo Alegre. Legg merke til den naturlige cowgirlstillinga...
Adele på samme oksen, bakgrunnen er den prehistoriske fjellveggen i Viñales.
Abonner på:
Innlegg (Atom)