fredag 20. februar 2009

Spansk skule

Ok, vi har tatt eit friår alle tre, og likevel vel vi å gå på skule (!) når vi er ute å reiser...

Det er i alle fall det vi gjer no. Denne veka frå onsdag til mandag har vi 4 timar spansk kvar dag. Nettopp for å sleppe alle håplausee misforståingar og å kunne ytre det vi vil og ønskjer. Spansk er vanskeleg og det er mykje å lære. Men vi prøvar :)
At det er 35 grader ute og sannsynlegvis enda varmare inne sidan det fins verken aircondition eller skikkelege vifter, gjer det ikkje akkurat enklare å konsentrere seg. At Adele i tillegg har fått ein ekte norsk forkjølelse sjølv om det definitivt ikkje er på grunn av kulde gjer det heller ikkje enklare. Men her er mange flinke lærerar og når kvar av oss har sin eigen lærar er det ikkje så lett å sluntre unda heimeleksene og konsentrasjonen må vere på plass :)

Elles nyt vi varmen både her i byen og på stranda :)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei
Det er kjekt å lese alt dere opplever på turen og nå at dere går på språkskole, sånn at det er lette å gjøre seg forstått og slipper å spise mer krokodille-kjøt.

Anonym sa...

Hei!
No er vi ein heil gjeng i Hyen. Pappa og Mamma Standal + Tito og onkel Kjell + ein hel gjeng frå karmøy ( - mor/datter). Det silregnar. Hadde tenkt oss til Støyls , men det ser dårlig ut med været.
God tur vidare. Helser spesiellt frå Bendik.

Kristian ( og Kjell)

(blei litt kommentar på feil plass, derfor dobbelt opp)

Mari Standal sa...

imponerande at dokke faktisk velge å gå på skule no ja:P

Anonym sa...

No regner eg med at spansken strekker seg langt utenpå de obskøne frasene Mats varter opp med i godt selskap:) Ellers håper eg du e blitt bedre Adele, og at dokkar andre holder på helsen!

No e det feriering i vente her i gården også...strekker på vingene og flyr til Roma for å feire mamma denne uken:)

Sniff Sniff sa...

Hei Adele.

Mitt store ynskje er at de skriv eit vev-logg-innlegg, inkludert bilete, om den sør-amerikanske geita. Det ville gjere meg framifrå glad!