fredag 27. mars 2009

Chile

No har vi vore i Chile i snart to veker. Dei første nettene hadde vi i Santiago, der vi på førehand hadde booka eit hotell. To netter med luksus på eit skikkeleg hotell skulle vi unne oss tenkte vi. Dette var før vi visste at vi skulle bu så mykje på hotell i Peru. Men i alle fall; vi kosa oss veldig med å bo på fint hotell (som i brosjyra hadde svømmebasseng men vi vart berre ledd av når vi konfronterte dei på hotellet med det). Santiago er som ein europeisk storby og etter lang tid i sentral-amerika var det befriande å gå i gatene utan at det blir ropt «taxi taxi» etter oss eller at folk skulle selje oss alt mogleg. Vi likar Chile :)

Vidare frå Satiago tok vi bussen til Valparaiso, 1,5 time vestover frå Santiago. Ein kjent by i Chile og litt større enn det vi hadde sett for oss på førehand. Byen er spesielt kjent for å ha mange heiser rundt omkring i heile byen. Byen består av veldig mange små høgder og for å i gamle dagar binde byen saman vart det bygd mange heiser. Med store forventingar til desse heisene prøvde vi ut ein av dei, den største trudde vi... og når den ikkje varte meir enn i maks 30 sekund, og høgdeforskjellen ikkje kunne vere lenger enn 30 meter (med forbehold om dårleg avstandsbedømming frå mi side...) vart vi litt skuffa.
Vi som såg for oss strandliv og slaraffenliv måtte konstatere at skyene følgde oss kvar vi enn gjekk, så bading i Viña del Mar vart det heller ikkje. Vi drog derfor litt tidlegare enn planlagt frå Valparaiso nordover til La Serena.

La Serena skulle, ifølgje Lonley Planet, også vere ein by for strandliv. Det var rett nok ei strand her, men den var forbudt å bade på i tillegg til at byen var mykje større enn vi trudde og det vart derfor ikkje så roleg som vi hadde sett føre oss.
Vi budde på Casa Maria, vi og ganske mange andre som brukte «Lonley Planet, on a shoestring» som kompass. Ein veldig triveleg plass.

Første dagen reiste vi austover mot Valle de Pisco Elqui, altså Pisco Valley. Inntil no hadde vi trudd at Pisco Sour var typisk peruansk, men her fann vi at vi hadde blitt lurt og det var altså her den kom i frå.
I løpet av oppholdet i La Serena vart vi lurt til å reise til Tongoy, 1,5 timar busstur lenger sør for der skulle det visstnok vere ei flott strand. Denne stranda fann vi ikkje på denne vesle plassen, det vi derimot fann var ei strand som lukta dø fisk pga alle fiskebåtane som låg i denne havna her. Sola klom heller ikkje fram frå skyene. Men når vi då hadde tatt heile turen dit, måtte vi då vere der nokre timar før vi drog heim...
Vi fekk også besøke stjerneobservatoriet i Vicuña. Veldig spennande! Guiden peika med laseren sin og fortalde og påstod han kunne kjenne igjen alle formasjonane på heile stjernehimmelen. Eg kan sannsynlegvis ikkje ta igjen ein brøkdel eingong av alt det han prøvde å vise oss og i tillegg strakk nok ikkje min fantasi heilt til for å sjå alt han påstod han kunne sjå. Men veldig spennande var det likevel! Vi fekk til slutt sjå i det store teleskopet, Saturn med ring rundt. Den eine månen til Saturn, Titan, var visstnok også «lett» å sjå utan at eg var heilt einig i det.

Adele og Ruth Helene fekk også lage sine heilt eigendesigna, personlege sandalar i La Serena. Sandalane vart flotte og dei vart stolte :)

Neste stopp på reisa var Caldera, ca 6 timar lenger nord for La Serena.
Og her fann vi endeleg det strandlivet vi var ute etter. Vi reiste til Bahia Inglés, som skal vere den mest fotograferte stranda i Chile, og her var endeleg ei strand som levde opp til forventingane!
Kvit sand, turkis vatn, SOL (!), (ikkje fiskelukt og måsar), kajakkutleige og slaraffenliv :)
We like it!!!!

I natt reiser vi vidare til San Pedro de Atacama.