tirsdag 17. mars 2009

In the jungle..

Då lyt historia halde fram. Etter ein rolig dag i Cusco sto Amazonasjungelen på plakaten. Vi reiste saman med to av jentene som var med på turen til Machupicchu, nemleg Renate og Linn-Marie, to hyggelege jenter frå Jølster. Flyet gjekk frå Cusco til den lille byen Puerto Maldonado, nær grensa til Bolivia. Det første som møtte oss var luftfuktigheta og varmen, vi hadde blitt vande med den tørre, kjølige lufta i Andesfjella. På flyplassen blei vi møtt av guiden vår Oscar, og vi blei transportert med buss så langt vegen haldt og deretter med båt oppover elva Tambopata.
Her ser de eit bilete av ein Capybara. Capybaraen er verdas störste gnagar.


På båten fekk vi servert
økologisk lunsj pakka inn på eksotisk vis.



Etter om lag 45 minutt var vi framme ved det som skulle vere heimen vår i 2 netter, lodgen Posada Amazonas. Posada Amazonas var ein idyllisk plass der vi fek jungelen tett på oss. Vi sov på rom utan veggar ut mot skogen, med myggnett rundt sengene for å halde insekta unna. Med unntak av nokre timar rundt lunsj og middagstid måtte alle klare seg utan elektrisitet, men dette var ikkje noko problem; vi hadde stearinlys på nattbordet og det var parafinlykter så vi skulle finne fram.Vi kom i ei gruppe saman med 4 hyggelege britar, og om ettermiddagen tok alle 9 plus guiden turen til eit tårn på 37m midt inne i jungelen. Her klatra vi opp og fekk sjå solnedgangen over jungelen og eit par fuglar i det fjerne. På veg tilbake haddet mørket lagt seg, og vi fann fram ved hjelp av lommelykt. Langs stien fekk vi sett ein edderkopp som visstnok skal vere tre gongar meir giftig enn svart enke.




Vel heime var det flott middag, og vi tok tidleg kveld sidan vi skulle opp klokka 04.30 morgonen etter for å oppleve meir av den fantastiske jungelen.

Då morgonen kom blei planane endra. Det regna nemleg ganske heftig, og til tross for våre påstandar om å vere vasstette måtte vi finne oss i å bli verande «inne» til regnet gav seg. Difor blei vi surrealistisk nok setande og sjå video om jungelen. Vi såg ein dokumentar om macaw-papegøyene som vi kunne fått sett dersom vêret hadde tillete det. Til tross for regnet fekk vi heldigvis sett nokre dyr; rett ved sida av lodgen kraup ein lang svart slange forbi(heldigvis ikkje giftig) og i trea rett ved sat ein familie med red howler monkeys.




Her ser de den flotte slangen som kraup rundt rommet vaart.


Etter kvart letta vêret og vi gjekk ein tur og utforska jungelen saman med Oscar.

Britt i ekte Indiana-Jones stil.


Her er Britt og Ruth Helene saman med reisefölgjet vaart; Linn-Marie og Renate.

Guiden Oscar leitar etter dyr.

Og det maa sjölvsagt Britt og gjere.

Etter lunsj for vi til ein liten innsjø i nærleiken og blei transportert rundt ved hjelp av ein katamaran. Vi leita etter dei fem oterane som bur i innsjøen, og fekk såvidt sett dei ved hjelp av kikkert. Vidare fiska vi piraya, men enkelte var meir heldige med fansten enn andre. Ein kan vel seie det slik at vi tre mata pirayaar i staden for å fiske dei:) Vi fekk med oss ein fantastisk solnedgang før vi for tilbake for å ete middag.



Humöret er paa topp naar Britt ikkje faar fisk.




Her er heile gruppa.


Dagen etter var det tid for avreise og vi for same veg tilbake og forlot Amazonasjungelen med eit godt inntrykk. Turen vidare gjekk til Lima, der vi var ei natt før reisa gjekk vidare til Santiago, Chile.

3 kommentarer:

Anonym sa...

eg kommentere i dag og eg, sidan da e moro å lesa bloggen dekans, og at puttiz sa at de vatt veldig glade for kommentara! igjen: sæææææææærs avundsjuk! da krible i mitt kjære reisehjarte! hald fram med god blogging ;) have fun!

Anonym sa...

Det er veldig kjekt å se alle de fine bildene som dere har tatt på reisa både her i jungelen og ellers. For oss hjemme er det nesten som at vi også er med på turen. Kos dere og ha god tur videre, Vi gleder oss til neste blogg.

Anonym sa...

Åååå so moro å lesa denna bloggen. Turen virke kjempebra, e ganske so misunnelig. God tur vidare og fortsett med blogginga :)