mandag 9. februar 2009

CUBA

Onsdag 4. februar

Då var vi endeleg på tur! Klare for å reise frå kuldegradene heime i Norge! Etter kort sjekk på yr.no før avreise vart det konstatert regn dit vi skulle på første stoppestad; Havana, Cuba. Sjølvsagt.
Men vi let oss ikkje knekke, sjølv om mykje av medbrakt antrekk krever ein minimum temperatur på 25 grader.
Vi har altså hatt ein dag i Havana. Ein dag der vi definitivt har vore turistar, og hengt på som ein hale rundt omkring i Havana med vår guide, Alejandro. Fått gode tips om kvar vi kan gå, kvar vi ikkje må gå, kva bussar som er for oss og kva bussar vi kan gå på dersom vi garantert vil bli rana, kva taxi som er billigast eller dyrast eller kvar dei beste plassane å ete var. Kor mykje av dette som vår kjære Alejandro er betalt for å anbefale er vanskeleg å seie. Men han fekk i alle fall oss overbevist og på vår første dag i eit nytt kontinent og eit nytt land fann vi det best å stole på desse anbefalingane.
Tobakk og alkohol er ein stor, stor industri her på Cuba og veldig viktig i den Cubanske kulturen. Som Alejandro så skildrande fortalde; «If you higher the food-prices here in Cuba the people would do nothing, but if you higher the tobacco and alcohol-prices there will be war.»
Vi vart tatt med til Havana Club for omvisning og til slutt smaking på 7-år gammal cubansk rom. Ein tanke sterkt for oss kan ein vel konstatere, men er ein på Cuba må ein prøve kulturen. Noko som ikkje var like sterkt, og derfor etter vår smak mykje betre var mojitoen vi fekk etter Alejandro si anbefaling på caféen på et tak midt i Havana.

Matopplevingar er alltid spanande når ein er på nye ukjente plassar. Den første opplevinga var allereie i kveld då vi alle var einige om at vi eigentleg ikkje var så veeldig svoltne, men kunne kanskje tenke oss eit lite smørbrød eller noko liknande sidan det ville bli for lenge å vente til frukost neste morgon. Og som alle veit kan språkbarrierer ofte vere eit problem. Eit lite spansk1-kurs på NTNU før utreise kunne altså ikkje hjelpe oss ut av dette.
Berre for å ta det frå byrjinga heiter altså smørbrød på spansk bocadillo. Vi spør altså på hotellet etter ein plass vi kan få tak i litt bocadillo. Ein tilsynelatande hjelpsom resepsjonist hentar ei dame som følgjer oss til ein restaurant inne i huset til ein familie. Restaurant og overnatting heime hos folk er ganske vanleg her på Cuba. Vel inne i «stova» får vi bestille og det vi då til slutt blir sitjande å ete er ikkje bocadillo, men cocodrilo, altså krokodille. Ein stor forskjell der altså.
Vi trudde vi hadde sagt ganske klart kva vi var ute etter, men det vi fleire gongar har erfart her på Cuba etter berre ein dag er at cubanarar høyrer det dei vil høyre, og treng slett ikkje høyre ferdig setninga dersom dei trur dei har fått med seg eitt av orda som har blitt sagt.
Notat til oss sjølve; ikkje ver godtruande og tru at du har blitt forstått.

No gjenstår det berre å vente og håpe på å ikkje bli dårlig i magen av cocodriloen...

2 kommentarer:

Anonym sa...

wow! Det er ikke mange som kan skryte av aa ha spist krokodile da!

Laila

Mari Standal sa...

Det hørtest litt morsomt ut, men ej kan ikkje sei ej misunne dokke den krokodillen:P Ellers so er det veldig kjekt å høre ka dokke gjer, og ej skulle gjerne ha vore med!