tirsdag 10. februar 2009

Pinar del Rio og Viñales

Klare for slappe dagar, soling og basseng reiste vi på fredag til Aguas Clara, som vi fekk fortalt av Alejandro kun var kort avstand frå Viñales. Det viste seg når vi kom fram at Aguas Clara låg midt ute i ingenting, ei mil frå Pinar del Rio og to mil frå Viñales. Midt i mellom. Og det betydde at vi kunne sjå fram til nettopp slappe dagar og soling.

Vi tok ein svipp inn til Viñales og fekk sitte på med meir eller mindre lisensiert taxi-sjåfør Eduardo i ein liten raud mini-skoda frå 1979. At bilen tok oss fram til Viñales er nok eit under i seg sjølv så hardt som Eduardo pressa den i alle oppoverbakkane på den to mil lange vegen. Men til Viñales kom vi og tok ikkje skrekken av skodaen og Eduardo og fekk han til å vise oss den store attraksjonen, ein stor forhistorisk fjellvegg med store teikningar av dinosaurar og folk. Dette var malt opp att for ca femti år sidan i sterke fargar og var derfor den o store turistattraksjonen her. Sjølvsagt måtte vi få med oss dette. Det som for oss var like kjekt var at her fekk vi ride på oksen Campo Alegro, eller «Gøy på landet» som vi gjerne vil oversetje dette namnet til. Ei stor oppleving dette altså. I tillegg guida Eduardo oss opp på toppen av fjellveggen, ei rute som sjølv for sunnmøringar kan karakteriserast som litt bratt. Og vi fekk praktisert vår spanglish.

På Aguas Clara var vi dei einaste ikkje-cubanske ferierande og her fekk vi bli kjent med familien Agnes (ikkje oversatt her altså, men spansk namn), Juan Carlos, Anel på 11 og Anay på 7. Agnes var engelsk-lærer (heldig for oss og vår amputerte spansk) og Juan Carlos jobba med å lære cubanerar volleyball (eller bollyvall, som det gjerne blir uttalt her i dette landet). Vårt avslappa opphold på Aguas Clara vart med dette gjort om til treningsleir av ein ultra-energisk Juan Carlos. Bollyvall og «Kicking ball» (ein variant av baseball) vart spelt både tidleg og seint. Og sjølvsagt, som ekte cubanerar som vi prøvde å vere, spelte vi domino, domino som nettopp opprinneleg kjem frå Cuba. Fun-fact der altså.

Engelsklærer Agnes var veeeldig glad for å kunne snakke engelsk og praktisere engelsken sin og Juan Carlos var alltid like frustrert over å ikkje forstå eit ord engelsk, kun spansk, men ikkje desto mindre pratsom. Mykje nikking og smiling, litt spansk og mykje teiknspråk vart det i alle fall.

Så gjestfrie som alle cubanerar er inviterte dei oss heim til seg søndagskvelden. Selfølgelig ville vi det! Nok ein gong fekk vi taxi frå hotellet, og nok ein gong fekk vi sjå at skal ein ha bil på Cuba, bør ein kunne å mekke. Det fins X antal bilar frå 70-talet på Cuba, og ganske sikkert også denne. Etter ca ein kilometer høyrer vi eit stort smell og etterfølgt av vedvarande bråk. «Solo ruido, no problemo!» fekk vi forklart, kun bråk, ingen problem. Etter ca ein km til stoppa vi opp og Alexis, sjåføren går ut og sjekkar under bilen og set seg inn i bilen igjen og køyrer vidare. Ruth Helene meinar det kan ha vore problem med den bakre hjulakslingen. Eksospotta var det definitivt ikkje. Og vi stolar på Ruth sidan ho kan alle kjenneteikna på bilskilta over heile Noreg og har såleis god peiling på bilar.

Hos Familien Cuba fekk vi servert cubansk kaffe på cubansk vis i små koppar med masse (!!) sukker. Dei budde nederst i ei blokk og i bakgården hadde dei to store grisar, nokre høner og ein hund.

Etter dette vart stereoanlegget satt på full guffe og tre nordmenn vart dradd fram på golvet i ei stove som ikkje hadde større plass enn knapt nok til tre nordmenn og ein særs energisk cubansk familie på fire. Tre nordmenn uten rytme og uten større trening i å bevege hoftene etter salsamusikk. Gøy opplevelse var det i alle fall! Og definitivt ein opplevelse vi måtte til Cuba for å finne.

Etter dette rusla vi ein tur i Pinar del Rio før Agnes til slutt dekka opp med eksklusiv middag med svinekjøt, salat, bønner og ris.

Vi er på siste dagen på Cuba. Og kan konstatere at vi kjem til å savne Cuba! Skulle gjerne vore her lenger, men turen går vidare til Costa Rica i morgon. Vi gler oss!!


(Bilete vil forhaapetligvis kome seinare, naar me faar tilgang til betre internett.)

2 kommentarer:

Mari Standal sa...

So gøy!!! Dokke måtte no lære dokke salsa når dokke var på cuba då!

Anonym sa...

Høres utrolig spennende ut :) Det må ha vært en foring på bakaksel eller endeleddet ja ;P