mandag 11. mai 2009

Brasil

Og der var vi allereie på slutten av reisa! Siste dagane og vekene har forsvunne i ein fei og blogging har visst blitt litt nedprioritert. Men her skal eg prøve å kome med ei lita oppsummering av Brasil.

Etter Buenos Aires reiste vi nordover til Puerto Iguazu. Første dagane brukte vi på den Argentinske sida av fossen og dei neste dagane brukte vi i Foz du Iguacu på den Brasilianske sida av fossen.




Her var vi innom Paraguay ein dag for å sjå på verdas største vannkraft-demning (i alle fall i energiproduksjon, etter det dei påstod sjølve), Itaipu. Og det var sjølvsagt veldig interessant for elkraftstudentar! :) Paraguay var elles eit land der alle brasilianarar reiser på Harry-tur for å kjøpe billeg elektronikk, og det krydde av store kjøpesenter.
Sidan Paraguay deler Itaipu med Brasil fordi det er den elva som er landegrensa måtte vi sjølvsagt sjå demninga frå Brasilsida og. Er ikkje elkraft-studentar for ingenting...



Vidare reiste vi til São Paulo og møtte Elcio som guida oss rundt i byen. São Paulo er den store industribyen i Brasil, og det krydde egentlig ikkje av turistaktivitetar. Så etter kvart vart det mest kjole- og skoshopping :) Alltid kjekt! :)

Etter São Paulo reiste vi til Ilha Grande. Ei stor ferieøy utanfor kysten av Brasil der det ikkje er lov å ta med bilar. For at folk verkeleg skal tru at vi har vore på tur i over tre mnd måtte det sjølvsagt til litt soling på tampen av opphaldet. Late dagar på stranda, bading, "fjell"turar (sidan det ikkje fanst bilar, måtte vi komme oss rundt på andre måtar) , båttur med snorkling og bading og ikkje minst samba og caipirinha :)









Det var hardt å forlate øya som vi var blitt så glad i, men etter å ha vore der ei veke, gjekk turen vidare til siste stopp før Norge; Rio de Janeiro!

Og for ein by! Vi har vore her to dagar og har forelska oss heilt i byen allereie! Det er rett nok ein veldig stor by, men sjølv for folk som ikkje likar store byar (inkludert meg sjølv) er denne byen vanskeleg å ikkje like! I går besøkte vi Pão de Acucar og fekk veldig flott utsikt over byen, og fekk oppleve street-party på Lapa, som Rio de Janeiro er så kjent for. I dag besøkte vi den obligatoriske Kristus-statua og etterpå ei av dei flotte strendene i Rio de Janeiro; Ipanema.
Litt synd at vi ikkje fekk fleire dagar her i Rio de Janeiro, eller Brasil i det heile tatt. Hit vil vi tilbake!! :)







Men no blir sekkane fullare og fullare og det betyr at heimreise nærmar seg veldig fort!
Skal bli veldig godt å sette beina på norsk jord igjen!



2 kommentarer:

Mari Standal sa...

Gøy!!
Godt dokke kjøme heim igjen snart då:D Men d ser ut som det he vore veldig spennande alt dokke he gjort. Åso håpe ej ikkje dokke e altfor brune, for då kjøme ej til å føle mej kjempe bleik:P

Silje sa...

på tide at de vende nåse heimatte ja! du ha vå djupt savna, puttiz! og eg grenselaust avundsjuk! her sitte eg med ørten oppgåve, har praksis, og eksamen nærme seg med stormskritt ;)