søndag 12. april 2009

Ekstremstport i Argentina!!

Vi var ikkje så veldig lenge i Bolivia, vi reiste til Argentina ganske raskt sidan det var det som var den opprinnelege planen. Vi tok nattoget frå Uyuni til grensa med eit tog som ikkje akkurat hadde nsb-standard, og etter alt bråket å dømme trudde vi at vi skulle bli hekta av opptil fleire gongar...
Hadde også høyrt på førehand at desse toga ikkje alltid var til å stole på. Men fram kom vi heldigvis neste dag og etter ein særs enkel frukost på venterommet på togstasjonen tok vi til på kryssinga av grensa. Dette tok si tid sidan vi akkurat kom bak ein turistbuss og all bagasje skulle sjekkast for smugling.
Vidare brukte vi resten av dagen til kafé og venting på den Argentinske sida før vi tok nattbussen lenger sør igjen til byen Salta.
Etter å ha sete ganske tett i ein firhjulstrekkar saman med 7 andre, der minst to var forkjøla, var det vanskeleg å unngå å bli smitta, så etter dette vart minst to av oss forkjøla og låg rett ut med det same vi kom til Salta.
Når vi kom oss på beina igjen var Salta byen for ekstremsport!

Etter mykje om og men vart det strikkhopp og rafting som vart våre to greiner i ekstremsport. Allereie før me bestilte turane byrja adrenalinet å pumpe i blodet. Då me til slutt stod oppe på rampen 26-27 m over vassoverflata hjalp det ikkje at guiden sa at me var i ein perfekt alder til å dø! Etter litt pusting, pesing, og (for nokre) banning klarte me alle tre å hoppe utfor kanten! Absolutt ei oppleving som kjem til å hugsast!







Raftinga var kanskje ikkje på same adrenalinnivå, men det var definitivt veldig kjekt!
Som erfaren rafter kunne Ruth Helene fortelje at denne elva nok var nokre hakk rolegare enn elver i Norge, men vi syns det var kjekt likevel! Rafting-turen vart avslutta på ein restaurant med den beste biffen vi har smakt hittil på reisa! Argentina kan biff!!

Etter ein 18 timars lang busstur sørover i Argentina har vi kome til Mendoza, Argentina sitt flottaste vindistrikt! Midt i påska var det vanskeleg å finne plass å bu med det første, men etter ein del tråling rundt i byen fann vi heldigvis eit ok hostel :)

2 kommentarer:

Silje sa...

Strikkhopping og rafting = FETT!!! Tøft gjort, jenter! I like :D

Mari Standal sa...

Dødskult:D høres kjempe gøy ut, sjøl om mamma å pappa ikkje va like begeistra:P
Her går det i dansing og dansing:D berre 5 daga igjen til forestillinga vår, i morga skal vi for første gang på teateret å øve:D