søndag 12. april 2009

Salar de Uyuni, Bolivia

Når vi no var så nære Bolivia hadde vi lyst å ta turen innom landet på veg til Argentina. Fleire av dei vi har møtt på turen har sagt at Bolivia er eit av dei vakraste landa i verda.
Frå San Pedro de Atacama tok vi buss til grensa og deretter køyrde vi med firhjulstrekkar gjennom ørkenen til Bolivia og Salar de Uyuni.
Vi hamna i bil med ein fyr frå Australia, eit par frå Sveits og ei jente frå Litauen. Hyggeleg gjeng.


Turen frå San Pedro til Uyuni var spekka med spektakulær natur.
Første dag var vi innom ei kvit lagune, ei grøn lagune og ei raud lagune. Vi var òg innom nokre geysirar, og vi satte ny høgderekord; om lag 5000m.o.h.! Vi overnatta på sovesal i ekte leirskulestil.


Dagen etter køyre vi vidare gjennom flott ørkenlandskap og såg mellom anna Arbol de Piedra, eit tre av stein. Vi overnatta i utkanten av Salar de Uyuni.


Siste dagen køyrde vi gjennom den fantastiske inntørka saltsjøen. Dette var litt av eit syn! Salar de Uyuni strekk seg over 10000km2 og er på det tjukkaste 12m. For om lag 40000år sidan var dette eit hav. Midt i salaren var vi innom Isla de Pescados, ei øy dekt av kaktusar.


















Vi stoppa òg for å sjå eit hotell av salt.


3 kommentarer:

Silje sa...

mange tøffe bilete folkens! artig å sjå :D kan sjå at de har hatt litt betre paoskjever enn da me har hatt på vene voss! her har da stort sett vå grått og regn ;)

Mari Standal sa...

Kjempekule bilde!:D ej begynte faktisk å lure på korleis du greidde å stå på den lilla boksa, eller ka d no va:P

Sagen's corner of photos. sa...

Det var da en skikkelig rundtur dere har fått plass til i studiene :- )