tirsdag 31. mars 2009

BileteBileteBileteBilete

Her kjem oppsummeringa av Chile i bilete. Vi har gjort veldig mykje kjekt og derfor blir det ein god del bilete!

Santiago



Valparaiso - backpackerbukser :)



Pisco Elqui - Pisco Sour :)



La Serena - Ruth Helene og Adele lagar sandalar




Bahia Inglés


San Pedro de Atacama

Ein veldig koseleg liten by, veldig turistifisert, med turistbyrå og adventure-kontor på kvart gatehjørne. Her var veldig mange turistar og veldig mykje å gjere! Absolutt ein by å anbefale!


Vi vart kjent med Elcio frå Brasil som budde på hostellet vårt.



Laguna Ceja

Vi flaut opp i det veldig salte vatnet. Det var umogleg å svømme, men herleg å bade!









Geysir Tatio

Denne dagen stod vi opp kl 03.30 for å få med oss fenomenet geysirane. Dette visast best tidleg om morgenen fordi det er så kaldt i lufta og så varmt vatn. Og kaldt i lufta var det definitivt!! Vi starta dagen med -13 grader før sola stod opp midt i ørkenen på 4300 moh. Dette vart litt av eit kuldesjokk for oss som er vant med over 30 grader.
Etter frukost i 13 minusgrader gjekk vi bortover mot dei varme kjeldene for å bade. Og var veldig glade for at vi hadde hugsa å ta på oss badekle under ull og fleece, så klesskiftinga ikkje varte så lenge. Den varme kjelda var akkurat det vi trengte for å varme opp frosne tær og fingrar. Herleg!!









Valle de la Luna

Hit reiste vi for å sjå solnedgangen. Fantastisk nydeleg plass!
Plassen heiter Valle de la Luna fordi landskapet er veldig likt månelandskap og plassen fekk namnet etter månelandinga.







Sandboarding i Death Valley

Vi leigde syklar og sandboard og sykla ut til ei sanddyne ca 45 minutts sykkeltur frå San Pedro.
Det var ein VARM tur! Sandboarding var vanskeleg, men det var veldig kjekt! Men umogleg å svinge og styre.













I morgon reiser vi vidare til Bolivia og saltsjøen, Salar de Uyuni. Dette var eigentleg ikkje med i reiseplanen vår, men vi er så næææær!!! :)

4 kommentarer:

Silje sa...

Steikje, vett meir og meir misunneleg asso! dæven døtte sykkelstativ, puttiz! da ser jammen ut so de har da so primen på skjevo! sandbording såg fett ut! og været de har e jo fantastisk! her e da paoskjetid! da betyr sol,ski, snjo og kvikk lunch! kos dykk vidare, verdsfararar! lev livet litt for meg og :)

Ruth Helene sa...

ja, me har da akkurat so primen paa skjevo! med andre ord (som andre folk kan sjonna) heilt fantastisk! ;)

Anonym sa...

E misunneleg eg og!! For ein fantastisk tur de har! Korleis vart resultatet etter prøvetida som sandalmakar?

Her har endelig sola begynt å varme. Gåsongane sprett og skina skal snart pakkast vekk... :)
Får forestem meldingane dine og har svart so da so..

Klem frå Kristine

Ruth Helene sa...

Da va ikkje noko provetid som sandalmakarar, me e sjolsagt blitt proff! tenkte aa starta opp vaar eiga bedrift naar me kjem heim att ;)