Honduras forsvann i ein fei. Vi kom oss ikkje lenger enn til Choluteca, rett over grensa. Her blir vi verande i 4 dagar pga mageproblem og sjukehusopphald. Ikkje så veldig kjekk start på Honduras. Men mageproblema vart løyst og vi kom oss vidare nordover til Lago de Yojoa. Vi overnatta 3 netter her og oppdaga snart kvifor det var så mykje grønare her enn sør i Choluteca. PØSREGN er stikkordet.
Men opplevingane vart ikkje amputert av den grunn! Den eine dagen gjekk med på tur i nasjonalparken Los Naranjos. Sidan vi møtte opp på feil inngang av parken og eigentleg ikkje fekk komme inn fordi betalinga var på den andre inngangen. Enda godt vi klarte å sjarmere den høge (??) og mørke bevæpna soldat-park-vakta José til å få komme inn, og attpåtil guida han oss rundt omkring i parken og vi slapp til slutt å betale i det heile :) Stor takk til armerte soldatar i Honduras der altså.
Neste dag fortsatte finevéret og vi tok turen til Polpyanzak-fossen, turistar som vi var :)
Ein nydeleg dag i Honduras!
No er vi komen til Peru. Og til Cuszco, 3400 moh. Berre å gå vanleg blir ein andpusten av.
I morgon startar turen til Maccu Picchu. Det blir spennande!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Pinadet... Hadde iallefall et stort gevær han karen :)
Her i Bergen regner det også....bombe. Får håpe dokkar kommer over skyene etterhvert :)
Det er ikkje gevaeret som er saa stort, der er karen som er veeeelig liten!;)
Legg inn en kommentar